Det var vel 40 medlemer som møtte fram til ein særs vellukka jubileumsfest. Leiaren i jubileumsnemnda, Knut Hjørnevik, leia festen som hadde eit rikhaldig program. Vassvøri sogelag har trekt skuleborna i grendene inn i sogelagsarbeidet og det var dei unge som stod for fyrste del av programmet. Elevane frå Rongen skule synte eit rollespel frå det siste heradsstyremøtet i Evanger kommune, og born frå Evanger var mannekengar for plagg frå 1950 og 1960-talet.Begge framsyningane vart tekne godt i mot og hausta stor applaus.
Festmenyen var rjomegraut og spekemat. Det var songer som Brynjulf Prestegard spelte til på piano og trekkspel.
Aslak Helleve heldt festtalen. Han hadde valt vossingen Aad Hjelle som tema. Hjelle var ein sjølvlært mann med store kunnskapar, både teoretiske og praktiske. M.a. var han ein framifrå kartteiknar. Fram- og baksida på sogelaget sin brosjyre om ”Kulturminne knytt til vassvegane i Vassvøri” er illustrert med kartutsnitt frå eit av Hjelle sine kart.
Ingebjørg Helland, som i mange år var skrivar i laget, tok for seg lagssoga gjennom dei 10 åra.
Dei ymse prosjekter var sett opp i ei utstilling i kjellaren. Ei mindre utstilling stod oppe i møtesalen, der døme på husflid og handverk i grendene vart synt fram.
Nestleiar i laget, Øivind Teigen, gav gode ord og ei rose til Atle O. Bolstad som har vore leiar i laget sidan skipinga.
Bolstad takka alle medlemene for innsatsen og for godt samarbeide.
Til slutt vart medlemene i jubileumsnemnda takka med ei rose for ei god gjennomført jubileumstilskiping.
![]() |
![]() |
![]() |
|
Aslak Helleve festtalar |
Knut Hjørnevik festleder |
Ingebjørg Helland les lagssoga |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Mannekenger frå Evanger |
Utstillingen |
Jubileumskaken |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Rollespel frå Rongen skule |
Rollespel frå Rongen skule |
Rollespel frå Rongen skule |